BALANSEN

 

 

Med eine foten på tilja trør eg frå med den andre,

eg finn balansen,

glir stille frå land.

 

Støa er lunna og fri for stein.

Eg sit på tofta, det syng innunder .

 

Den eine foten på tilja, trør frå med den andre,

eg finn balansen,

glir stille frå land.

 

Sterk som min vilje,

stri som eit håp, så grøn som botnen ...

 

Eit årepar ligg der.

Eg har ikkje segl, ikkje motor.

Kjølen held kursen når fjorden er blank.

 

Støa er lunna og fri for stein.

Så med eine foten på tilja, trør eg frå med den andre.

 

Eg finn balansen. Glir stille frå land.