Elva er stille

i seine kvelden.

Dogg driv leikande lett.

 

Skapningen leitar seg fram i den djupe stilla.

Sanning i ein blå kveld ....

eller er

det

berre å drøyme?

 

Det evige kviler.

Løyndomen sviv over vatn,

einsemda famnar ein liten.

 

I skogen si hand ligg ei sjel,

fridom er lyset mot himmelranda.

Ein fugl syng sin varme tone:

sanning kan ikkje finnast, -

Ho er, barn.

 

I seine kvelden -

der dogg driv ,

kviler ein liten.

Elva er stille.

 

Tove Johanne With